BBA er eit etablert bygg- og anleggsfirma i Bergen, som tilbyr bla. totalentreprise, rehabilitering og større byggeprosjekt.

Bergenhus Bygg og Anlegg (BBA) trengte ei nettside som spegla nivået deira som totalentreprenør, og som gjorde det enkelt for nye kundar å forstå kapasitet, tenester og kvalitet på ein lett og oversiktlig måte.
Gjere BBA lett å velje. Tydeleg posisjon, sterk truverd og ein god kontaktflyt som fungerer på alle enheter, men mest vekt på mobil. Alt bygd i Webflow, slik at dei kan halde innhald og prosjekt oppdatert utan problem.



Denne løysinga er utvikla for prosjektleiarar, byggherrar og samarbeidspartnarar som treng å forstå nivå, kapasitet og kvalitet lett og raskt.
Nettsida er ikkje laga for privatpersonar som vil bla. Den er skapt for aktørar som vurderer ansvar, kompetanse og gjennomføringsevne på få sekund.
Med tydeleg struktur, ryddig presentasjon og fokus på prosjekta, får brukaren eit korrekt førsteinntrykk av kven BBA er, og kva dei leverer.

Optimalisert for mobilbruk i høgt tempo. Kritisk informasjon er lett å finne, lett å forstå og bygget for raske avgjerder.

Den nye løysinga gir Bergenhus Bygg og Anlegg eit profesjonelt og truverdig førsteinntrykk, tilpassa beslutningstakarar, prosjektleiarar og offentlege aktørar. Nettsida kommuniserer kompetanse, struktur og kvalitet på få sekund, uansett eining.
Resultatet er ei digital plattform som støttar vidare vekst, styrkar merkevara og gjer det enklare for rette kundar å forstå kva BBA leverer og kvifor dei er eit trygt val.

Vi bygger relasjoner, ikke bare prosjekter. Målet vårt er enkelt, å hjelpe bedriften din vokse gjennom sterkt design, system og målrettet strategi.